Feminisme

Feminismen er misforstått. Fullstendig misforstått. Folk tenkjer at feminisme handlar om at kvinner er overlegne menn og burde styre verda, medan det eigentleg handlar om det heilt motsette. Ein feminist treng ikkje å vere sjølhøgtidelig, bitter, prektig og inngrodd av kroppshår. Ein feminist er ein heilt vanleg person som  synes at kvinner og menn er verdt like mykje og burde ha dei same rettane. Ein person som bryr seg om rettferd, fridom og likeverd.

Ein feminist vil meine at dersom ein mann og ei kvinne gjer den same jobben i eit firma, så burde dei også få den same løna.



Ein feminist vil meine at det ikkje nødvendigvis må vere dama i huset som skal vaske, rydde og lage mat. Dersom både ho og sambuaren er i jobb, burde oppgåvene heime fordelast likt. At menn ikkje kan vaske eller lage mat er ei myte.

Ein feminist vil også meine at både kvinner og menn sjølve bestemmer over sin eigen kropp, og at vald og overgrep ikkje er akseptabelt.

I dag vil kanskje ordet feminisme vere eit dårleg namn på bevegelsen, eit namn som lett kan mistolkast som ein eller annan dameklubb. Då feminismen oppstod derimot var det eit passande namn. I byrjinga av 1800-talet hadde kvinner svært få juridiske, økonomiske og sosiale rettighetar. Det vart skrive nokre bøker som omhandla kvinners rettigheitar, og kvinnene vart etter kvart klare over sin låge status i samfunnet. Men det var ikkje før på slutten av århundre dei hadde ressursane til å starte ein bevegelse, som i 1895 for første gong fekk betegnelsen feminisme.

Kvinner er per dags dato langt i frå så undertrykte som dei var på 1800-talet. Difor er det no slik at feminismen ikkje berre handlar om kvinners rettigheitar, men også menn sine. Personleg synes eg humanisme kunne vore eit passande namn på bevegelsen, men det namnet er allereie i bruk. Det er uansett kvinner som utan tvil er mest undertrykte den dag i dag også. Vi ser det kanskje ikkje så godt her i Noreg, for her er det ikkje store forskjellar mellom rettane til kvinner og menn. I andre land og kulturar derimot er det ikkje alltid slik. Det er tusenvis, sikkert millionar, kvinner som er undertrykte rundt om i verda i 2016. Mange kvinner blir valdteke, tvangsgifta og tvungne til å gjere som ektemannen seier. 

Eg vil også understreke at feminisme på ingen måte betyr at alt skal fordelast likt mellom kvinner og menn.  Menn er til dømes som regel sterkare enn kvinner, og det er naturleg at dei gjer dei tyngste oppgåvene. Feminisme betyr heller ikkje at menn må bli mindre maskuline og kvinner mindre feminine, slik at vi liknar meir på kvarandre. Nei, vi er forskjellige, og det er noko vi må akseptere. Eg ønsker ei verd der alle menneske er like viktige, og alle har ei stemme både heime og i samfunnet dei lev i.

2 kommentarer

Atle Lundhaug.

22.01.2016 kl.16:26

Det syntes jeg var et fint innlegg.

osunniva

24.01.2016 kl.14:42

Godt skrive! :) Einig ;)

Skriv en ny kommentar


Follow
>

.

Søk i bloggen







Follow






hits