A grown-up disease

Eg klarar som regel å kunne setje meg inn i tankegongen til andre menneske. Sjølv om eg ikkje nødvendigvis er einig, så plar eg å kunne forstå kvifor dei meinar det dei gjer. Rasistar derimot, forstår eg meg ikkje på. Korleis ein kan tenkje at eit menneske er verdt meir enn eit anna, nei, eg skjønnar det ikkje. Eg synes det er direkte skremmande kor ofte eg kjem i situasjonar der nokon verdt utsett for rasisme. Seinast på fredag opplevde eg at ein fyr begynte å rope dei typiske tinga som "dra deg tilbake dit du kjem frå" og "jævla muslim"  til ein bartendar her i Førde, grunnen var at han ikkje fekk gratis øl (?). 

Spesielt på nettet har eg lagt merke til stygge kommentarar retta mot dei med utenlandsk bakgrunn, særlig no etter at innvandringa har auka såpass. Folk oppfordrar blant anna om å følgje vårt kjære naboland sitt eksempel, og byrje å setje fyr på asylmottak. Asylmottak der det bur redde barnefamiliar og einsame mindreårige, som kom til Noreg fordi heimlandet omtrent er bomba vekk.  I Sverige er det brent ned bygg for mange millionar kroner fordi ein meiner staten ikkje har råd til å huse fleire flyktningar. Korleis kan nokon tenkje at ei slik handling er logisk?



Korleis kan ein meine at vi nordmenn har rett til å leve i luksus, medan andre verken har pengar, mat eller ein stad å bu? Vi sitter her i dei fine husa våre med fulle kjøleskap og eit lass med ting vi ikkje treng, og så klagar vi på at vi må bruke litt skattepengar på å hjelpe dei som har ingenting. Nei, disse navsnyltarane har ikkje noko her å gjere, har eg høyrt mange gongar. Men dei som faktisk ønsker å bli ein del av det norske samfunnet, finne seg arbeid, betale skatt osv, dei burde vel vere velkomne? Nei,dei kan jo ikkje stjele norske menn sine jobbar!

Eg kan til ein viss grad forstå at nordmenn er redde for innvandringa. Vi høyrer heile tida om muslimske terroristar, valdtektsmenn, kvinnemishandlarar, doplangarar og kriminelle elles. Frykta fører til at vi støttar ut muslimane frå samfunnet. Når ein ikkje har ein sjanse for å bli integrert i samfunnet vårt synes ikkje eg det er rart at ein leitar etter andre omgangskretsar, som t.d rusmiljøet. Det er slik vi menneske er bygd opp, vi treng å høyre til ein stad. Eg har sjølv vore ein del av rusmiljøet, om sant skal seiast er eg vel framleis det, og eg vil seie mykje av grunnen til det er nettopp kor lett det var å bli ein del av det miljøet. I rusmiljøet forhåndsdømmer ein sjeldan. Hudfarge, religion, meiningar og forutsetnader betyr lite. Om vi hadde klart å gjere samfunnet elles like imøtekommande, trur eg antal kriminelle ville synke dramatisk, både blant innvandrarar og etniske nordmenn.

Eg vil oppfordre alle til å ha ei open haldning til nye menneske. Det treng ikkje vere meir som skal til. 

3 kommentarer

osunniva

31.01.2016 kl.18:51

Du skriv så godt, og har sjølvsagt heilt rett! Eg har litt lære av deg om toleranse.. Veldig veldig stolt av å vere mora di <3

Villemo Natasha

31.01.2016 kl.21:20

Enig i det du sier, er så alt for mange med merkelige holdninger til alt og alle egentlig. Hvem en er, hvor en kommer fra og hvordan skallet ser ut burde ikke ha noe og si. Vi burde heller prøve og være imøtekommende, det er en grunn for at de kom hit. Så får vi slutte og være rasister, for det er ingenting som bygger opp under det der, det er ingen grunn til og oppføre seg dårlig ovenfor andre på bakgrunn av hudfarge. Både over nett og utenfor skjermen.

Kari

01.02.2016 kl.12:59

Wow! Eg visste ikkje du blogga igjen!! Kor god lesning! So moden du er, kor flotte haldningar du har! Gler meg til å lese meir! Del av slike vennlege tankar så mykje du kan! Kanskje klarar vi vende om nokre! ♡

Skriv en ny kommentar


Follow
>

.

Søk i bloggen







Follow






hits