Kan fiskeoppdrett hindre hungersnaud?

Eg kom nett over denne reklama på vg.no og vart sitjande å måpe ei stund. Eg meinar, er dei seriøse? Reklamere for at lakseoppdrett på ein eller annan måte kan bidra til å hindre hungersnaud, når realiteten er det heilt motsette? Eg kan byrje med å fortelje at norsk oppdrett årlig brukar 1,5 millionar tonn villfisk for å produsere 500 000 tonn oppdrettsfisk. Det er meir enn 3kg villfisk per 1kg oppdrettslaks! Det seier seg sjølv at med slike tal vil fiskeoppdrett føre til at det vert mindre mat på ei veksande befolkning. Næringa kan heller ikkje vekse noko særlig meir no pga kor lite bærekraftig ho er, då det rett og slett ikkje er nok fisk i havet. 

Laks er heller ikkje tilgjengelig for meir enn ein liten prosent av verdas befolkning. Dei som svelt har ikkje råd til å kjøpe dyr norsk laks. Eg har bestemt meg for å kontakte Forbrukerombudet då eg meinar at denne reklama er såpass villedande at den bryt markedsføringslova

Ein annan grunn til å avstå frå oppdrettsfisk er kor dårlige levekår det er for fisken. Enorme mengder fisk på små områder fører til sjukdom, smerte og død for fisken. Det er inga næring som har fleire forsøksdyr og dyr som døyr før slakt enn fiskeoppdrett. Det er ôg denne næringa som slepp mest møkk og kjemikalier ureinsa ut i naturen, noko som får konsekvensar for andre artar igjen. I mine auge er fiskeoppdrett direkte dyremishandling.

Én kommentar

osunniva

03.02.2016 kl.18:20

Tankevekkande...:/

Skriv en ny kommentar


Follow
>

.

Søk i bloggen







Follow






hits