Spynorsk?

Eg elskar nynorsk! Eg er ufatteleg stolt over å kome frå den delen av landet som skriv på eit språk som har utgongspunkt i norske dialekter, og ikkje dansk. Eg er den typen person som går så langt at eg prøver å venne meg til å seie "laurdag" og "løyndom", fordi eg synes det er kult. Om det er pga det behovet eg har for å skilje meg ut eller fordi nynorsk er så mykje vakrare og meir poetisk enn bokmål, veit eg ikkje. Det er i alle fall noko med det som får meg til å smile på innsida, nesten som om eg er litt forelska.


Ta til dømes diktet Den draumen, av Olav H. Hauge. Ikkje ein sjel kan kome til meg og seie at dette diktet hadde vore vakrare på bokmål.

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje ? 
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa ?
at draumen skal opna seg,
at me ein morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Når dette er sagt, kan eg fortsetje med å fortelje at eg til ein viss grad forstår kvifor nynorsk vert mobba. Har oppdaga at mange fleire engelske ord blir oversatt til nynorsk enn til bokmål. Eg høyrte til dømes for nokre dagar sidan at om du har microsoft og vel nynorsk som språk, så vil microsoft bli oversatt til "småmjuk". No veit eg ikkje om akkurat dette er sant, men det skulle i grunn ikkje forundra meg. Eg kan òg forstå at folk synes det er vanskeleg med nynorsk, om sant skal seiast synes også eg det.  I bokmålsundervisning brukar ein berre dei kjende orda, i motsetnad til nynorsk. Ord som "draugspy", "spunse" og "nebbenose" er bokmål. Veit du kva dei tyder?

Debatten om valfritt nynorsk på skulen tenkjer eg ikkje å slenge meg på. Samstundes som eg tykkjer det er synd at fleire og fleire vel vekk nynorsk, meiner eg at det viktigaste burde vere at vi forstår kvarandre. Så lenge vi gjer det burde ikkje språket vere viktig. Eg klarar ikkje å forstå kvifor nokon ønskjer å velje vekk ein del av kven vi er og kvar vi kjem frå, berre fordi det er litt vanskeleg. Men dette burde vere opp til den enkelte, så for min del er det greit med valfritt nynorsk, så lenge bokmål kan veljast vekk òg. 

3 kommentarer

osunniva

20.02.2016 kl.17:47

Så einig! Nynorsk er ekte norsk og tøft :)

Kari

29.02.2016 kl.09:20

På tide med nytt innlegg snart? Har vore "lumpen", og ikkje kommentert, men det betyr ikkje at eg ikkje les!! :) Mykje meir spennande å lese bloggar til kjente og kjære enn dumme facebook... :) Klem! Og Heia nynorsken!!! <3

Henniie

11.03.2016 kl.10:18

Eg er oppvaksa med nynorsk, men diverre blei eg i undertal og vi fekk ikkje levere inn oppgåver på vidaregåande eller på høgskulen med ein kombinasjon av skriftspråka. Der vart det enten eller, og ein mot reisten... det gjekk desverre dårleg. Og når ein ikkje brukar det til vanleg lengre... då går det lett i gløymeboka. MEN eit gledesrop gjekk gjennom meg då eg kom over denne annonsa:

Søkjarane må kunna arbeida sjølvstendig og vera støe i nynorsk. Røynsle med foto er ein føremon. Det er naudsynt med førarkort for bil.

Nesten så eg sendte avgårde ein søknad berre på grunn av nynorsken!

Skriv en ny kommentar


Follow
>

.

Søk i bloggen







Follow






hits