Let du skalken bli liggjande i brødskjærarmaskina?

Var innom rema ein tur i går for ei lita handlerrunde. I det eg nådde brødsekjsonen møtte dette synet meg.

I maskina var det til saman fleire brød, berre av skalkar folk ikkje har brydd seg med å ta med. Menneske har ein tendens til å ikkje tenkje. Gjerne stressa etter ein lang dag på jobb, og kanskje ein skrikande unge som dreg deg i buksa. Ein skalk her og ein skalk der, kva gjer vel det? 

Det er berekna at om lag 795 millionar menneske er underernærte, med andre ord fleire enn heile befolkninga i USA, Kanada og EU samanlagt. Svolt og underernæring er den definitivt største helseutfordringa på verdsbasis. Ein større trussel enn både HIV/AIDS, malaria og tuberkulose samanlagt.

♦ Jernmangel rammar milliardar av menneske, og hemmar emna til å ta til seg kunnskap.

♦ Underskot på vitamin A forårsaker blindhet i ung alder, og kan også auke risikoen for å døy av diaré, meslingar og malaria.

♦ Kring 780 millioner menneske lid av jodmangel. Omtrent 20 millioner barn blir født med hjerneskadar fordi mødrene deira ikkje fekk i seg tilstrekkeleg med jod under graviditeten.

♦ Sinkmangel påverkar kroppens emne til å vakse i eit normal tempo, hemmar immunforsvaret og forårsaker 800.000 dødsfall blant barn kvart år.


Bilete: vl.no

Det er ikkje mangel på mat i verda. Problemet er det at maten ikkje ver rettferdig delt. I Noreg kastar vi 25 % av all mat som produserast og omsetjast. Den gjennomsnitlege nordmann kastar 46,3 kg matvarer i året. Norske forbrukarar kastar over 300 00 tonn mat som kunne blitt ete. Mat med ein verdi på fleire titals milliardar kroner! 

Tenk litt på dette neste gong du kastar matrestar, handlar meir enn du veit blir ete eller let skalkane bli liggjande att i brødskjæremaskina.

Har henta litt informasjon frå wfp.no, forskning.no og vg.no

#hungersnød #rikdom #kontraster 

3 kommentarer

Pappahjerte

12.03.2016 kl.19:29

Selvfølgelig ikke! Skalken er jo den beste biten :-)

Hvis ikke en av barna vil ha den, tar jeg den gladelig selv. Om jeg skulle utvikle et brød en gang, skulle det bestå utelukkende av skorpe og fint lite annet ;-)

Men sånn ellers: Godt budskap til alle skalkehaters :)

/high5

Vanja Karine

12.03.2016 kl.20:01

Pappahjerte: Heilt einige! Lure på å snike meg ned og knabbe litt tå dissa skalkane ein dag. I grunn ikkje ein so dum idè som fattig student :)

heartofmist

08.04.2016 kl.15:09

Er så fint at noen tar seg tid til å skrive om små, men viktige ting. Det som skaper forskjell i verden!

Skriv en ny kommentar


Follow
>

.

Søk i bloggen







Follow






hits