Agenda 2030

Old news, eg er klar over det, men eg føler framleis at det nesten ikkje er nokon som har høyrt om FNs Agenda 21 (som no har endra namn til Agenda 2030). Agenda 2030 er kort sagt ein handlingsplan angåande berekraftig utvikling, som skal gjennomførast over heile verda. Planen går ut på at regjeringane i alle land skal ta kontroll over all arealbruk, alle vatn, alle mineralar, alle plantar og dyr, alle produksjonsmidlar, all energi, all byggjing, all utdanning, all informasjon og alle menneska i verda. Ingen beslutningsprosessar vil lenger vere i henda på private grunneigarar. Tanken er at regjeringa vil gjere ein betre jobb dersom dei har all kontrollen.

Målet med denne berekraftige planen er å oppnå eit redusert forbruk, sosial likheit og bevaring og restaurering av biologisk mangfald. Noko eg absolutt synes det burde vere ein plan for, ikkje misforstå meg, men derimot ein plan som ikkje inneberer å la nestenheile befolkninga døy og ta i frå dei overlevande all form for fridom.

Individuelle rettigheitar vil bli nærast uviktige, og alltid vike under eventuelle behov lokasamfunnet har, som igjen bestemmast av eit styrande organ. Dessutan skal folk tvingast vekk frå dei fleste landområder, og i staden pakkast inn i menneskelege busetnader, som til dømes menneskeskapte øyer. Staten skal altså òg styre kvar du skal bu. The Wildlands Project, eit anna program, har fortalt at dei planlegg å gjere mesteparten av jorda utilgjengelig for menneske. Politikken til agendaen går heilt tilbake til 70-talet, men den verkelege starten kom då Bush undertegna på det i verdstoppmøtet i Rio de Janeiro i 1992. Dei aller fleste land signerte, Noreg inkludert, sjå lista her

Denne planen vil endre livet på jorda radikalt. Utdanningssystemet, energimarkedet, transportsystemet, det statlege systemet, helsevesenet osv. Den vil begrense dine val og dine midlar, nekte deg fridom og fjerne stemme di!

Det er fleire sannsynlege metodar som kan brukast til å få gjennomført Agenda 2030, deriblant følgjande:

♦ Delphi metoden. Ei gruppe ekspertar svarar på spørreskjema i fleire rundar. Etter kvar runde, gjev ein tilretteleggjar ei anonym oppsummering av ekspertanes prognosar, samt grunnane til at dei gjev sine dommar. Ekspertane oppfordrast til å revurdere det dei tidlegare har svart, grunna svara til andre medlemmar av panelet. Det antakast at i løp av denne prosessen vil utval av svar avta, og gruppa vil til slutt ende opp med det "riktige" svaret.
♦Infiltrere gruppar i samfunnet og starte velforeiningar med handplukka ledarar.
♦Sponse frivillige gruppar som går inn i skular og trenar barn.
Tilby føderale og private tilskot til byprogram som bring vidare dagsorden.
Tillate uregulert innvandring for å senkje levestandarden og gå tom for lokale ressursar.

Det var ei rein tilfeldigheit som gjorde til at eg fann ut alt dette, og det er heller ikkje så lenge sidan. Eg prøver å halde meg over snittet oppdatert på kva som skjer rundt i verda, så eg reknar med det er mange som aldri tidlegare hadde høyrt desse planane. Burde ikkje dette vere eit meir diskutert tema? Eg, er som sikkert millionar andre, sterkt i mot ei framtid etter denne agendaen!

Kjeldar: lawfulrebellion.info, democratsagainstunagenda21.com, americanpolicy.org

#agenda2030 #agenda30 #agenda21 #etikk #FN #fremtiden #frihet #menneskerettigheter #kontroll #miljø #fakta #skremmende

Én kommentar

Elena

14.03.2016 kl.19:40

Viktig tema!

Skriv en ny kommentar


Follow
>

.

Søk i bloggen







Follow






hits