Heroin på resept

250. Merk deg talet. Dette er eit omtrentleg tal på kor mange som døyr kvart år av ei overdose i Noreg. 4/5 av desse overdosane er grunna opiatinntak, då hovudsakleg heroin. Noreg er har eit av landa i Europa med flest overdosedødsfall. Vi er òg eit av dei landa i Europa med den strengaste lovgjevinga. For meg er samanhengen heilt klar. Narkotikapolitikken vi har no verkar ikkje. Utrulig nok hjelp det ikkje å støtte ut og kriminalisere dei svakaste i samfunnet.


ndla.no

Debatten om å innføre heroin på resept til dei tyngste rusmisbrukarane har vore ei stund no. Sveits innførte heroin på resept i 1994. Gjett kor mange som har døydd av overdose medan dei har vore i det programmet? Ingen. Ein heroinavhengig vil få tak i heroin uansett, anten det er på eit apotek eller eit gatehjørne. På gata kan ein aldri vite kor reint stoffet er, kva det er blanda med osv, og ein blir nødt til å prøve seg fram sjølv. Klart det er mykje lettare å overdosere då, enn om personen visste kva han hadde med å gjere. Det er enkel logikk.

Eg skjønar skeptikarane godt. Det blir som å seie ja til djevelen sjølv. Men om det kan redde menneskeliv, er det ikkje verdt å gje eit forsøk? Må presisere at det vil vere snakk om eit veldig lite tal personar som vil få denne resepten. Personar der alle andre alternativ allereie er prøvd. Dei personane som no er gitt opp av alt og alle. Dei som går rundt og ventar på å døy, uten nokon form for håp eller framtidsutsikter. 


Aurich Lawson / Thinkstock

Kjeldar: dagbladet.no statistikk.sirus.no

Vil til slutt, sidan eg allereie er inne på temaet narkotikapolitikk, oppfordre alle som er for ein meir human narkotikapolitikk på verdsbasis til å skrive under på FHN sine anbefalingar for Noregs bidrag til FNs spesialsesjon om narkotika i New York i april. HER er link til nettsida.

#heroin #resept #narkotikapolitikk 

4 kommentarer

tanketromling

27.03.2016 kl.13:11

Krigen mot narkotika er egentlig en krig mot en kultur. Hvorfor skal ikke mennesker få lov til å ruse seg på hva som helst?

Hvis jeg skulle forbudt noe så hadde jeg forbudt stoffer som gjør deg aggressiv og farlig for andre. Som Rohypnol o.l. Bodybuilderdop som gjør deg farlig.

Men heroin? Du skader jo ingen om du tar det. Så dette er bare tull. Og det morsomme er at de som sier de ønsker å forby det sier at de gjør det for å være "snille". Det er bare tull. Det er ikke snillhet. Det er tortur.

Noen mennesker har det så tøft her i livet at de ønsker å ruse seg på heroin. Hva så? Hvorfor ikke tillate det?

Og hvis du ønsker å forby det så burde du også komme inn i livet til disse heroinavhengige og fikse livet deres under abstinensene. I stedet for å bare forby det og så stikke av. Da lar du dem "henge der".

Takk for fint innlegg.

osunniva

27.03.2016 kl.13:52

Tankevekkande... Men når lovverket som eksisterer ikkje fungerer, ja då er det kanskje på tide å prøve noko nytt...

Vilde

27.03.2016 kl.17:12

Veldig bra skrevet, noe å tenke på...

Bitte-Louise

08.04.2016 kl.09:19

Utrolig bra skrivet, likte det veldig godt :D

Skriv en ny kommentar


Follow
>

.

Søk i bloggen







Follow






hits