Det er lett å lukke auga

Verda er i stadig endring. Avansert forskning, ny teknologi og globalisering er nokre stikkord. Den økonomiske veksten har gitt oss ressursar og kunnskap som utan tvil gjer det mogleg å utrydde all fattigdom. Likevel har det aldri vore så store forskjellar mellom menneske som det er i dag. Om lag halvparten av verdas befolkning lever for under 2 dollar om dagen. Medan i den andre enden eig dei 62 rikaste personane like mykje som alle desse menneska til saman. Dei 10% rikaste rår over nesten 90% av rikdommen i verda.

Det er lett å tenkje at ein sjølv ikkje er så velståande, men når du har moglegheita til å lese dette er du nettopp det. Halvparten av verdas befolkning ville måtte arbeide i over 1 og eit halvt år for å spare opp 5000 kr. Ja, det forutsetter då at dei ikkje brukar ei krone på mat, klede, bustad og anna naudsynt for å overleve. Her i Noreg kan ein "tjene" 5000 i månaden berre ved å få minstestønad frå nav. 

I dei fattigaste landa er det ikkje mange som har utdanning, noko som gjer det krevande å finne ein bra betalt jobb. I land som t.d. Niger er 91% av kvinnene analfabetar.

Dei aller fleste manglar i tillegg både reint vatn og helsetenester. Noko som gjer at mange slit med sjukdommar og dårleg helse, som igjen gjer det vanskeleg å arbeide. Dei få helsetenestane og medisinane som er tilgjengelege blir for dyre, og følgene er katastrofale. I Noreg er den forventa levealderen meir enn 25 år lengre enn i dei fattigaste landa. 40-100 millionar menneske er til kvar tid smitta av HIV/AIDS. 850 millionar menneske er underernærte. Det er i dag fleire prosent barn i Somalia som døyr i løp av sitt første leveår, enn det var i Noreg på slutten av 1800-talet.

I tillegg til alt nevnt ovanfor kan ingen ha unngått å sjå kor mange valdelege konfliktar det er rundt omkring. Ueinighet  om blant anna religion og politikk har ført til krig og tap av mange menneskeliv. Millionar av menneske har flykta frå heimlandet i håp om eit betre liv, dei fleste til dei allerede fattige nabolanda.

Her i eit av verdas absolutt rikaste land meiner fleirtalet at vi skal ta i mot færre flyktningar. Vi skylder på at dei er kriminelle som kjem hit for å voldta og snylte på staten. Menneske som har reist kanskje 4000 km med små barn i armane. Menneske som får plass til alt dei eig i ein liten ryggsekk. Dei menneska skal vi nekte å hjelpe. 

2 kommentarer

liveterherlig93

25.09.2016 kl.18:41

fint innlegg:)

Bitte-Louise

22.10.2016 kl.11:21

Så utrolig nydelig innlegg :) Du må ha en super fin dag videre..

Skriv en ny kommentar


Follow
>

.

Søk i bloggen







Follow






hits