Det er lett å lukke auga

Verda er i stadig endring. Avansert forskning, ny teknologi og globalisering er nokre stikkord. Den økonomiske veksten har gitt oss ressursar og kunnskap som utan tvil gjer det mogleg å utrydde all fattigdom. Likevel har det aldri vore så store forskjellar mellom menneske som det er i dag. Om lag halvparten av verdas befolkning lever for under 2 dollar om dagen. Medan i den andre enden eig dei 62 rikaste personane like mykje som alle desse menneska til saman. Dei 10% rikaste rår over nesten 90% av rikdommen i verda.

Det er lett å tenkje at ein sjølv ikkje er så velståande, men når du har moglegheita til å lese dette er du nettopp det. Halvparten av verdas befolkning ville måtte arbeide i over 1 og eit halvt år for å spare opp 5000 kr. Ja, det forutsetter då at dei ikkje brukar ei krone på mat, klede, bustad og anna naudsynt for å overleve. Her i Noreg kan ein "tjene" 5000 i månaden berre ved å få minstestønad frå nav. 

I dei fattigaste landa er det ikkje mange som har utdanning, noko som gjer det krevande å finne ein bra betalt jobb. I land som t.d. Niger er 91% av kvinnene analfabetar.

Dei aller fleste manglar i tillegg både reint vatn og helsetenester. Noko som gjer at mange slit med sjukdommar og dårleg helse, som igjen gjer det vanskeleg å arbeide. Dei få helsetenestane og medisinane som er tilgjengelege blir for dyre, og følgene er katastrofale. I Noreg er den forventa levealderen meir enn 25 år lengre enn i dei fattigaste landa. 40-100 millionar menneske er til kvar tid smitta av HIV/AIDS. 850 millionar menneske er underernærte. Det er i dag fleire prosent barn i Somalia som døyr i løp av sitt første leveår, enn det var i Noreg på slutten av 1800-talet.

I tillegg til alt nevnt ovanfor kan ingen ha unngått å sjå kor mange valdelege konfliktar det er rundt omkring. Ueinighet  om blant anna religion og politikk har ført til krig og tap av mange menneskeliv. Millionar av menneske har flykta frå heimlandet i håp om eit betre liv, dei fleste til dei allerede fattige nabolanda.

Her i eit av verdas absolutt rikaste land meiner fleirtalet at vi skal ta i mot færre flyktningar. Vi skylder på at dei er kriminelle som kjem hit for å voldta og snylte på staten. Menneske som har reist kanskje 4000 km med små barn i armane. Menneske som får plass til alt dei eig i ein liten ryggsekk. Dei menneska skal vi nekte å hjelpe. 

Om kontantane forsvinn

I laup av 2015 vart det gjennomført omlag 1,69 milliardar kortkjøp, med ei omsetjing på nestan 600 milliardar kroner. Noregs Bank klarar berre å gjere greie på 40% av pengebruken, noko dei meiner er grunna svart økonomi og kvitvasking. Berre 6% brukar kontantar dagleg, altså nestan ingen. Aller minst brukt er tusenlappen.Samstundes kjem det heile tida nye enkle betalingløysningar, som mobilbetaling og netthandel. Vil dette ende med at kontantane forsvinn?


rights.no

Eg kan lett sjå at det er ein del ulempar med kontantar. Som eg har nemnt økonomisk kriminalitet, dårlig kontroll over pengebruken og at det er reint upraktisk. Men ulempane ved å ta vekk kontantane, vil eg påstå er mykje større!

♦ Krisa i finanssystemet. Fleire bankar, no snakkar eg på verdsbasis, har innført negativ rente. Når ein då tapar på å ha pengar i banken, vil sjølvsagt dei fleiste ønske å ta ut sine pengar og oppbevare dei andre stadar. Om kontantar då ikkje lenger eksisterar, kan bankane innføre så negative renter dei berre vil. Du vil stå att med to val; bruke opp pengane eller la bankane redusere verdien på dei.

♦ Kontroll. Om alt av kjøp og sal vert digitalt, vil også alt kunne sporast og loggførast. Bankane og etterrettningsorganisasjonane vil ha ei komplett oversikt over alt innbyggjarane gjer økonomisk. Om du så ikkje har noko å skjule, kven veit kva hensiktar myndigheitane vil ha om 10 år?

♦ Monopolane. Alle dataane om dine kjøp, sal, forbruk osv. vil ha stor verdi for monopolane. Når dei veit alt om deg, kan dei påverke deg psykologisk gjennom reklame på måtar vi ikkje ein gong kan tenkje oss. Dette vert gjort i dag òg. Trur du reklamar som dukkar opp på facebook, bloggar osv er tilfeldige? Nei, det er ein grunn til at dei ofte passar dei interessane du har. Om marknadføringsfirmaane får tilgong til all din økonomiske informasjon, kven veit korleis reklamen vil utveklast..

♦ Tekniske problem. Det vil alltid kunne oppstå tekniske problem. Kva gjer ein då dersom all økonomi er digital? 

♦ Den eldre generasjonen. Eg reknar med at det ikkje er alle som er like interessert i all den nye teknologien som kjem, då særleg dei eldre. Eg personleg synes også det er lettare å halde styr på kor mykje pengar eg brukar ved å ha kontantar


klikk.no

No har eg forøvrig lita tru på at kontantane kjem til å forsvinne med det første, men fakta er at meir og meir blir digitalisert. Til dømes forsvinn minibankane, som følgje av at dei blir mindre brukte og er dyre å drive. Men behovet for kontantar kjem nok aldri til å bli heilt vekke.

Kjeldar: nyhetsspeilet.no dagbladet.no dn.no tv2.no vg.no fno.no

#kontanter #økonomi #digitalisering

Let du skalken bli liggjande i brødskjærarmaskina?

Var innom rema ein tur i går for ei lita handlerrunde. I det eg nådde brødsekjsonen møtte dette synet meg.

I maskina var det til saman fleire brød, berre av skalkar folk ikkje har brydd seg med å ta med. Menneske har ein tendens til å ikkje tenkje. Gjerne stressa etter ein lang dag på jobb, og kanskje ein skrikande unge som dreg deg i buksa. Ein skalk her og ein skalk der, kva gjer vel det? 

Det er berekna at om lag 795 millionar menneske er underernærte, med andre ord fleire enn heile befolkninga i USA, Kanada og EU samanlagt. Svolt og underernæring er den definitivt største helseutfordringa på verdsbasis. Ein større trussel enn både HIV/AIDS, malaria og tuberkulose samanlagt.

♦ Jernmangel rammar milliardar av menneske, og hemmar emna til å ta til seg kunnskap.

♦ Underskot på vitamin A forårsaker blindhet i ung alder, og kan også auke risikoen for å døy av diaré, meslingar og malaria.

♦ Kring 780 millioner menneske lid av jodmangel. Omtrent 20 millioner barn blir født med hjerneskadar fordi mødrene deira ikkje fekk i seg tilstrekkeleg med jod under graviditeten.

♦ Sinkmangel påverkar kroppens emne til å vakse i eit normal tempo, hemmar immunforsvaret og forårsaker 800.000 dødsfall blant barn kvart år.


Bilete: vl.no

Det er ikkje mangel på mat i verda. Problemet er det at maten ikkje ver rettferdig delt. I Noreg kastar vi 25 % av all mat som produserast og omsetjast. Den gjennomsnitlege nordmann kastar 46,3 kg matvarer i året. Norske forbrukarar kastar over 300 00 tonn mat som kunne blitt ete. Mat med ein verdi på fleire titals milliardar kroner! 

Tenk litt på dette neste gong du kastar matrestar, handlar meir enn du veit blir ete eller let skalkane bli liggjande att i brødskjæremaskina.

Har henta litt informasjon frå wfp.no, forskning.no og vg.no

#hungersnød #rikdom #kontraster 

Les mer i arkivet » September 2016 » Mars 2016 » Februar 2016
+ legg meg til som venn


.

Søk i bloggen



Follow





Follow




hits