Heroin på resept

250. Merk deg talet. Dette er eit omtrentleg tal på kor mange som døyr kvart år av ei overdose i Noreg. 4/5 av desse overdosane er grunna opiatinntak, då hovudsakleg heroin. Noreg er har eit av landa i Europa med flest overdosedødsfall. Vi er òg eit av dei landa i Europa med den strengaste lovgjevinga. For meg er samanhengen heilt klar. Narkotikapolitikken vi har no verkar ikkje. Utrulig nok hjelp det ikkje å støtte ut og kriminalisere dei svakaste i samfunnet.


ndla.no

Debatten om å innføre heroin på resept til dei tyngste rusmisbrukarane har vore ei stund no. Sveits innførte heroin på resept i 1994. Gjett kor mange som har døydd av overdose medan dei har vore i det programmet? Ingen. Ein heroinavhengig vil få tak i heroin uansett, anten det er på eit apotek eller eit gatehjørne. På gata kan ein aldri vite kor reint stoffet er, kva det er blanda med osv, og ein blir nødt til å prøve seg fram sjølv. Klart det er mykje lettare å overdosere då, enn om personen visste kva han hadde med å gjere. Det er enkel logikk.

Eg skjønar skeptikarane godt. Det blir som å seie ja til djevelen sjølv. Men om det kan redde menneskeliv, er det ikkje verdt å gje eit forsøk? Må presisere at det vil vere snakk om eit veldig lite tal personar som vil få denne resepten. Personar der alle andre alternativ allereie er prøvd. Dei personane som no er gitt opp av alt og alle. Dei som går rundt og ventar på å døy, uten nokon form for håp eller framtidsutsikter. 


Aurich Lawson / Thinkstock

Kjeldar: dagbladet.no statistikk.sirus.no

Vil til slutt, sidan eg allereie er inne på temaet narkotikapolitikk, oppfordre alle som er for ein meir human narkotikapolitikk på verdsbasis til å skrive under på FHN sine anbefalingar for Noregs bidrag til FNs spesialsesjon om narkotika i New York i april. HER er link til nettsida.

#heroin #resept #narkotikapolitikk 

Om kontantane forsvinn

I laup av 2015 vart det gjennomført omlag 1,69 milliardar kortkjøp, med ei omsetjing på nestan 600 milliardar kroner. Noregs Bank klarar berre å gjere greie på 40% av pengebruken, noko dei meiner er grunna svart økonomi og kvitvasking. Berre 6% brukar kontantar dagleg, altså nestan ingen. Aller minst brukt er tusenlappen.Samstundes kjem det heile tida nye enkle betalingløysningar, som mobilbetaling og netthandel. Vil dette ende med at kontantane forsvinn?


rights.no

Eg kan lett sjå at det er ein del ulempar med kontantar. Som eg har nemnt økonomisk kriminalitet, dårlig kontroll over pengebruken og at det er reint upraktisk. Men ulempane ved å ta vekk kontantane, vil eg påstå er mykje større!

♦ Krisa i finanssystemet. Fleire bankar, no snakkar eg på verdsbasis, har innført negativ rente. Når ein då tapar på å ha pengar i banken, vil sjølvsagt dei fleiste ønske å ta ut sine pengar og oppbevare dei andre stadar. Om kontantar då ikkje lenger eksisterar, kan bankane innføre så negative renter dei berre vil. Du vil stå att med to val; bruke opp pengane eller la bankane redusere verdien på dei.

♦ Kontroll. Om alt av kjøp og sal vert digitalt, vil også alt kunne sporast og loggførast. Bankane og etterrettningsorganisasjonane vil ha ei komplett oversikt over alt innbyggjarane gjer økonomisk. Om du så ikkje har noko å skjule, kven veit kva hensiktar myndigheitane vil ha om 10 år?

♦ Monopolane. Alle dataane om dine kjøp, sal, forbruk osv. vil ha stor verdi for monopolane. Når dei veit alt om deg, kan dei påverke deg psykologisk gjennom reklame på måtar vi ikkje ein gong kan tenkje oss. Dette vert gjort i dag òg. Trur du reklamar som dukkar opp på facebook, bloggar osv er tilfeldige? Nei, det er ein grunn til at dei ofte passar dei interessane du har. Om marknadføringsfirmaane får tilgong til all din økonomiske informasjon, kven veit korleis reklamen vil utveklast..

♦ Tekniske problem. Det vil alltid kunne oppstå tekniske problem. Kva gjer ein då dersom all økonomi er digital? 

♦ Den eldre generasjonen. Eg reknar med at det ikkje er alle som er like interessert i all den nye teknologien som kjem, då særleg dei eldre. Eg personleg synes også det er lettare å halde styr på kor mykje pengar eg brukar ved å ha kontantar


klikk.no

No har eg forøvrig lita tru på at kontantane kjem til å forsvinne med det første, men fakta er at meir og meir blir digitalisert. Til dømes forsvinn minibankane, som følgje av at dei blir mindre brukte og er dyre å drive. Men behovet for kontantar kjem nok aldri til å bli heilt vekke.

Kjeldar: nyhetsspeilet.no dagbladet.no dn.no tv2.no vg.no fno.no

#kontanter #økonomi #digitalisering

GMO - veit du eigentleg kva du et?

Huskar de den klona sauen Dolly? Ho auka forskninga angåande kloning betrakteleg, inkuldert kloning av menneske. Dei siste åra er kloning av dyr blitt vanleg praksis i enkelte land, blant anna Japan og USA. Mus, kalvar, ei ape og fem grisungar er bekrefta klona. Mon tru kor lenge det tek før menneske står for tur. Teknologien er der allereie. Både ein amerikansk lege og ein sørkoreansk forskar har klart å opprette eit menneskeleg embryo, som dei sjølvsagt har sagt dei har øydelagt. Kven veit, kanskje eksisterar det allereie menneskelege klonar?


wikia.com

Genmanipulert mat vert skapt med same metode som ved kloning. Forskarar overfører enkle eller små grupper med genar til avlingar, frukt, dyr, mikroorganismar, grønsaker og liknande slik at dei utveklar nye og meir egna eigenskapar.  Betre smak, raskare modningsprosess, auka motstand mot insekt til dømes. Eg vil kalle innsetjing av framande genar i mat vi et veldig risikabelt, med tanke på konsekvensar vi endå ikkje veit om. Eg trur det er farlig å tukle så mykje med naturen som vi gjer den dag i dag.

Det har komt mykje kritikk på den uregulerte oppføringa av kva GMO vil seie for miljø, helse og økonomisk risiko. Dei genmanipulerte organismane sine effektar drep gunstige insekt og viktig innhald i jorda. Dessutan er over 80% av all GMO som dyrkast tolerant mot ugrasmiddel. Ein toleranse GMO avlingar har overført til ugras og småkryp, som no berre kan drepast av veldig giftige stoff, som 2,4D. 2,4D var er ein av ingrediensane i Agent Orange (eit kraftig kjemisk våpen, som vart brukt av USA under vietnamkrigen). Disse giftstoffa er ikkje mogleg å innhente att når dei først er sleppt ut i naturen. Langsiktige konsekvensar er som eg tidlegare skreiv ikkje kjende, men store mengder gift i lufta, som ikkje kan forsvinne. Eg reknar med det blir konsekvensar ja. Helserisikoar som mellom anna nye allergiar, antibiotikaresistens,ernæringsmessige utfordringar, problemar med reproduksjon og kreft eksisterar. Økonomisk er det nok bøndene som tapar mest, grunna lågare prisar, forureining, og monopolisering grunna GMO patentbeskytting.


sustainablepulse.com

Dei aller fleste utvikla land anser at GMO ikkje er trygt. I meir enn 60 land, inkludert alle landa i EU, er det betydelege restriksjoner eller forbod mot produksjon og sal av GMO. Du genmanipulert mat i norske butikkhyller, men i følgje lova skal desse vere godt merka. Er forøvrig alltid lurt å sjekke innhaldsfortekningane på matvare ein kjøper. Vil til slutt anbefale dokumentaren GMO OMG, som ligg på netflix.

Kjeldar: nongmoproject.org, www.utviklingsfondet.no, cagreens.orgforskning.no

#GMO #kloning #helse #mat #risiko #forskning #genmodifisert #forurensing

Trump eller Camacho?

Huskar de denne filmen? Om ikkje,går den ut på at ein tenåring vert valt av Pentagon til å vere forsøkskanin for ein topphemmelig dvale program. Dei gløymer han, og vaknar han fem århundrer i fremtida. Han oppdagar eit samfunn så utrulig toske og banalt, at han utan tvil er den smartaste personen i live. 

Sjå klippet øverst, så skal vi ha ein liten quiz! Kven har komt med dei forskjellige utsagna nedanfor? Donald Trump eller President Camacho frå filmen? Fasiten får de ved å markere sitata.

♦ "Remember, new "environment friendly" light bulbs can cause cancer." TRUMP

♦ "I will be the greatest jobs president that God ever created, I tell you that!"   TRUMP

♦ "I beat China all the time. All the time."   TRUMP

♦ "So you're smart, huh? I thought your head would be bigger. Looks like a peanut!"   CAMACHO

♦ "If there is one word to describe Atlantic City, it's Big Business. Or two words - Big Business."   TRUMP

♦ "Listen, you motherfuckers, we're going to tax you 25 percent!*   TRUMP

♦ "This very expensive GLOBAL WARMING bullshit has got to stop!"   TRUMP

♦ "Sorry losers and haters, but my IQ is one of the highest - and you all know it!"   TRUMP

Credz for quizen til flavorwire.com

#Trump #Camacho #idiocracy #likhet #quiz #presidentvalget

Har legemiddelindustrien drept titals legar fordi dei fann ein kur mot kreft?

Året er 2015, og i laup av to månedar vert ni legar frå omlag same området funnen omkomne. 5 av dei er drepne, og det er mykje som ikkje stemmer angåande dei "naturlege" dødsfalla. Blant anna konkluderte dei med at ein av legane, som vart funnen i ei elv med skuddsår i brystet hadde teke sjølvmord. Fram til dagens dato har eg ikkje tal på kor legar i det aktuelle området til som har døydd. Det er etter det som er opplyst tre forskjellige datoar innan ein månad der to legar døydde same dagen. 

Alle legane, utanom ein, arbeidde med osteopati og dei var medlemmar av det holistiske samfunnet. Dei knyttast saman med synet på alternativ medisin og skepsis til vaksineprogram, men fremst av alt forskning på GcMAF. Nesten alle dei døde legane praktiserte og forska mykje på nettopp dette, særleg Dr. Bradstreet og Dr. Gonzales. GcMAF er etter det eg har forstått eit protein som aktiverar markofagar. Makrofaga (ei type kvite blodceller) et bakteriar, døyde celler og andre partikler. Makrofagene kan òg ødeleggje virusinfiserte celler,kroppsfremjande celler og i nokre tilfell òg kreftceller. 


Dr. Bradstreet

Dr. Bradstreet hadde svært gode resultat ved bruk av GcMAF i bahandling av autisme, med 85% responsrate! 15% av dei autistiske pasientane han hadde vart heilt kurert og symptomfrie. I det medisinske miljøet ansjåast det som umogeleg. 

Problemet med å kurere kreft ved hjelp av GcMAF er at kreftceller produserar nagalase, som er eit enzym som blokkerar kroppen sin produksjon av nettopp GcMAF. Bradstreet og han sine kollegaar meinte å ha oppdaga at nagalase med vilje blir tilfør kroppen utanifrå, blant anna gjennom vaksiner. Dei har undersøkt nyfødte, som ikkje hadde nagalase, før dei seinare vart introdusert gjennom vaksinering. 

Tidsplan for mistenksame dødsfall blant legar i floridaområdet

♦19 juni 2015 Dr. Bradstreet vart funnen med eit skotsår i brystet i en elv. Dødsfallet vart nesten med ein gong stadfesta som eit sjølvmord. Same dag i Mexico, vart tre legar, som har reist til State Capital for å levere nokre papir, meldt sakna. Myndigheitane seier dei fant lika, men familiane til dei drepne synes ikkje kroppane liknar deira familiemedlemmar, og krev mer bevis og testing. 

♦21 juni 2015 Dei to kiropraktorane Dr. Baron Holt og Dr.Bruce Hendendal vert funnen døde på østkysten av Florida. Det er framleis ikkje oppført nokon dødsårsak for nokon av dei. Dr. Holt budde i North Carolina, staten der Bradstreet (ovanfor) vart funnen to dagar før. Dr. Holt døydde på besøk i Jacksonvill, Florida

♦29. juni 2015 Theresa Sievers, MD vart funnen drepen, angivelig av ein hammar, i sin heim. Myndigheitene har konkludert med at drapet ikkje var tilfeldig og det var ingen teikn til innbrot. To personar er arrestert mistenkt for drapet. Ein er ein barndomsven av ektemannen til Theresa som nylig var komen til Florida, den andre arresterte kalla seg "Hammer" på facebook. Politiet har ikkje kome ut med andre "bevis" enn det.
Same dag forsvann Jeffrey Whiteside, MD. Han var ein pulmonologist, altså ein spesialist innan lungesjukdom.Han var godt kjent for sine vellykka behnadlingar for lungekreft. Jeffrey gjekk seg ein tur under ein familietur i Door County, Wisconsin, sidan har ingen sett han. Ikkje ein fnugg av bevis er funne.

♦3 juli 2015 Patrick Fitzpatrick, MD vert meld sakna. Han var på ved frå North Dakota til Montana, og traileren hans vert funnen i kanten av vegen, Han derimot er ikkje enno funnen.

♦10. juli 2015 Lisa Riley, ein osteopat, ver funnen heime skoten i hovudet.

♦19. Juli 2015 Dr. Ron Schwartz ver funnen skoten og drept i huset sitt på østkysten av Florida. Schwartz var forøvring gynekolog.

♦21. Juli 2015 Dr. Nicholas Gonzales døyr plutselig. Hjarteinfarkt vert påstått, men obduksjonen det ikkje, nye testar ventast. Han har uttalt i fleire intervju, også like før han døydde, at han trudde Big Pharma nok ønska han påkøyrt av ein buss og plutselig døy. Same dag vert Dr. Abdul Karim, ein fritalande holistisk tannlege funnet død i vegkanten. Hjarteinfarkt vart også påstått i dette tilfellet.

♦23. juli 2015 Liket til Jeffrey Whiteside vert funnen med ein .22 kaliber pistol i nærleiken. 

♦12. august 2015  Osteopat Mary Bovier vert funnen drept i sitt hus i Pennsylvania.

♦16. september 2015 Bestseljande forfattar Mitch Gaynor, MD blir funnen i sin heim. Blir raskt kalla sjølvmord av den lokale sheriffen.

♦11. oktober 2015 Dr. Marie Paas blir funnen død av eit påstått sjølvmord.

♦29. oktober 2015 Jerome E. Block fell til døden frå Central Park west Apartment.

♦25 . januar 2016 Den holistiske legen Rod Floyd ver funnen død i sin heim i Florida.

♦1. februar 2016 Sjukepleiaren Paige Adams vert funnen død i sin heim, som dei alle fleste på denne lista godt kjend i det holistiske samfunnet. Ho jobba mange år tett saman med Bradstreet, som var den første som vart funnen drepen.

GcMAF kan ikkje berre i teorien kurere kreft, men også MS, herpes, Parkinson's syndrom, tuberkulose, fibromyalgi, AIDS, Dengue-feber, malaria, lungebetennelse, psoriasis, luftveisinfeksjonar, Crohns sykdom, Type 1 og 1,5 diabetes, for å nemne nokre få. Tenk for eit tap for legemiddelindustrien om det kom ein kur!

Det er i alle fall heilt tydeleg at mange av desse dødsfalla heng saman. Eg bit meg spesielt merke i det faktum at ein av dei drepne faktisk sa han trudde Big Pharma ville sjå han døy. Tenk om nagalase vert tilført mennesket bevisst av legemiddelindustrien, slik at vi vil trenge deira medisinar om vi vert sjuke. Om det verkeleg er sånn at personar innan legemiddelindustrien drep og let folk døy og lide av sjukdommar unødvendig, fordi dei ikkje vil tene like mange milliardar, har eg verkeleg mista all tru på menneskeheten...

Kjeldar: nyhetsspeilet.no, apenbart.com, pharmakills.st, healthnutnews.comnaturalmentor.com

 #drap #legemiddel #vaksinasjon #legemiddelindustrien #kreft #kreftkur #GcMAF 

Agenda 2030

Old news, eg er klar over det, men eg føler framleis at det nesten ikkje er nokon som har høyrt om FNs Agenda 21 (som no har endra namn til Agenda 2030). Agenda 2030 er kort sagt ein handlingsplan angåande berekraftig utvikling, som skal gjennomførast over heile verda. Planen går ut på at regjeringane i alle land skal ta kontroll over all arealbruk, alle vatn, alle mineralar, alle plantar og dyr, alle produksjonsmidlar, all energi, all byggjing, all utdanning, all informasjon og alle menneska i verda. Ingen beslutningsprosessar vil lenger vere i henda på private grunneigarar. Tanken er at regjeringa vil gjere ein betre jobb dersom dei har all kontrollen.

Målet med denne berekraftige planen er å oppnå eit redusert forbruk, sosial likheit og bevaring og restaurering av biologisk mangfald. Noko eg absolutt synes det burde vere ein plan for, ikkje misforstå meg, men derimot ein plan som ikkje inneberer å la nestenheile befolkninga døy og ta i frå dei overlevande all form for fridom.

Individuelle rettigheitar vil bli nærast uviktige, og alltid vike under eventuelle behov lokasamfunnet har, som igjen bestemmast av eit styrande organ. Dessutan skal folk tvingast vekk frå dei fleste landområder, og i staden pakkast inn i menneskelege busetnader, som til dømes menneskeskapte øyer. Staten skal altså òg styre kvar du skal bu. The Wildlands Project, eit anna program, har fortalt at dei planlegg å gjere mesteparten av jorda utilgjengelig for menneske. Politikken til agendaen går heilt tilbake til 70-talet, men den verkelege starten kom då Bush undertegna på det i verdstoppmøtet i Rio de Janeiro i 1992. Dei aller fleste land signerte, Noreg inkludert, sjå lista her

Denne planen vil endre livet på jorda radikalt. Utdanningssystemet, energimarkedet, transportsystemet, det statlege systemet, helsevesenet osv. Den vil begrense dine val og dine midlar, nekte deg fridom og fjerne stemme di!

Det er fleire sannsynlege metodar som kan brukast til å få gjennomført Agenda 2030, deriblant følgjande:

♦ Delphi metoden. Ei gruppe ekspertar svarar på spørreskjema i fleire rundar. Etter kvar runde, gjev ein tilretteleggjar ei anonym oppsummering av ekspertanes prognosar, samt grunnane til at dei gjev sine dommar. Ekspertane oppfordrast til å revurdere det dei tidlegare har svart, grunna svara til andre medlemmar av panelet. Det antakast at i løp av denne prosessen vil utval av svar avta, og gruppa vil til slutt ende opp med det "riktige" svaret.
♦Infiltrere gruppar i samfunnet og starte velforeiningar med handplukka ledarar.
♦Sponse frivillige gruppar som går inn i skular og trenar barn.
Tilby føderale og private tilskot til byprogram som bring vidare dagsorden.
Tillate uregulert innvandring for å senkje levestandarden og gå tom for lokale ressursar.

Det var ei rein tilfeldigheit som gjorde til at eg fann ut alt dette, og det er heller ikkje så lenge sidan. Eg prøver å halde meg over snittet oppdatert på kva som skjer rundt i verda, så eg reknar med det er mange som aldri tidlegare hadde høyrt desse planane. Burde ikkje dette vere eit meir diskutert tema? Eg, er som sikkert millionar andre, sterkt i mot ei framtid etter denne agendaen!

Kjeldar: lawfulrebellion.info, democratsagainstunagenda21.com, americanpolicy.org

#agenda2030 #agenda30 #agenda21 #etikk #FN #fremtiden #frihet #menneskerettigheter #kontroll #miljø #fakta #skremmende

Blinde Baba Vanga, som såg alt

Det kan hende det er mange som allereie har høyrt om Baba Vanga. Eg gjorde ikkje det før for nokre dagar sidan. 

Baba Vanga var ei kvinne som vaks opp i byen Petrich, Bulgaria. Då Vanga var 12 år gamal vart ho skadd av ein tornado, som førte til at ho mista synet. Etter ho hadde fylt 16 utvikla ho emna til å sjå framtida. Bullshit tenkjer du kanskje, det tenkte eg òg, men eg anbefalar deg å lese vidare. Baba Vanga døydde i 1996, og spådommane om kva framtida skulle bringe er direkte skremmande. Eg tenkte å ramse opp dei eg finn mest interessante og relevante..

♦ Baba Vanga vart kjent på 1930-talet då hun spådde starten på ein krig.Nyheten om spådommen spreia seg gjennom Bulgaria, og  kong Boris III valde å besøke ho. Ho fråråda  Bulgarias deltakelse i krigen. Politikarane var ikkje einige, men vart med Hitler, som vart beseira. Kongen valde å besøke ho igjen og fekk fortalt kva dato han kom vil å døy og at ho såg eit raud flagg over hans palass. Han døydde den eksakte datoen ho spådde, og eit raud flagg vart heva over Sofia (hovudstaden) hausten 1944 då Bulgaria vart eit sosialistisk land.

♦ Hausten 1952 vart Vanga fengsla av den grunn at ho sa at Stalin snart ville døy. Stalin døydde mars året etter.

♦ I 1980 sa ho "ved århundreskiftet, i august 1999 eller 2000, Kursk vil bli dekket med vann, og hele verden vil gråte over det.» I august 2000 sank ein russisk atomubåt i ei "ulykke". Ubåten var oppkalla av byen Kursk.

♦ Vanga spådde at den 44. presidenten i USA ville vere African American, imidlertid sa ho òg at han ville bli den siste presidenten

♦ I 1989 sa ho følgande  "Horror, horror! The American brethren (brødre) will fall after being attacked by the steel birds The wolves will be howling in a bush (referanse til dåverande president George Bush?) and innocent blood will gush.?

♦ Vanga spådde «En stor bølge vil dekke en stor kyst med folk og landsbyer overalt vil forsvinner under vann.» Dette sa ho ville skje i byrjinga av 2000-talet.

♦ Ifølge Baba Vanga vil muslimar strøyme til Europa i 2010, I år 2016 vil den store islamske krig starte i Syria, og det blir etablert eit Muslimsk kalifatet. Dei vil dei invadere Europa, mange vil angripe innnnfra. Ho varslar at det er i år krigen startar, og at muslimar som øydelegg nasjonane i filler innanfrå vil gjere større skade enn sjølve krigen i mange land. Sverige og Frankrike vil få hardt medfart av Muslimske immigranter.

♦ Flyktningbølgja vil  reverseres og europearane vil rømme til fattige land som ikkje er ramme like hardt. Innen året er omme vil Europa vere ubebueleg pga bruken av forferdelelege våpen, og at ein verken kan dyrke mat eller drike vatnet.

♦ Vanga profeterte at i 2018 vil Kina vere den største økonomiske supermakt i verden, USA vil vere redusert til eit U-land pga krig og økonomi. Dette ået vil òg ei romsonde oppdage ein ny form for energi på Venus.

♦ I 2028 vil menneske fly til Venus i håp om å finne nye energiressursar.

♦ I 2130 vil menneske ved hjelp av aliens leve i sivilisasjonar under vatn..

♦ I år 3797 eksisterar det ikkje lenger liv på jorda.



Er så mange fleire spådommar eg vil nemne som viktige politiske hendingar, store historiske hendingar, krig med mars, verdas undergong osv. Ho har kome med over 100 spådommar som har stemt, så eg har ikkje kapasitet eller ork til å ramse opp fleire. 80-85% av hennar profetiar er oppfylt allereie, då gjenstår det berre å sjå kva som skjer vidare. Huskar diverre ikkje kor eg har henta all informasjon frå, men mestedels frå http://buzztache.com/predicted/ og http://www.nyhetsspeilet.no/2016/03/baba-vangas-visjoner-gir-hap-om-en-ny-storhetstid-og-en-ny-gylden-aera/

#blind #spådame #synsk #baba #vanga #fremtiden #spådommer #overtro

Lei av spam?

Har du, som meg, gjort tabben å gje e-posten din til nettsider, butikkkjedar eller liknande? Om ikkje, kan eg fortelje at resultatet blir at heile innboksen blir full av reklame. Eg oppdaga nyleg ein fantastisk funksjon for å få den irritasjonen ute av verda. Godt mulig at dette er basic knowledge, når det kjem til elektronikk er ikkje eg den mest kompetente. Tenkte uansett eg kunne dele "trikset" med dykk.


1. Det første du gjer er å høgreklikke på e-posten til den sendaren du ikkje ønskar fleire mail frå. Av alternativa som då kjem opp, trykkjer du på det nederste "For denne avsenderen".
 


2. Då vil dette komme opp. Du vel det nedste alternativet "Slett alle fra..." Dersom du har liten , kan det hende då må bla litt nedover.

3. Til slutt er det berre å velje alternativet som eg har gjort ovanfor (eventuelt ein anna om det er ønskeleg. Vipps så er du kvitt fleire e-postar frå i det minste ein spamkonto!

#spam #tips

Let du skalken bli liggjande i brødskjærarmaskina?

Var innom rema ein tur i går for ei lita handlerrunde. I det eg nådde brødsekjsonen møtte dette synet meg.

I maskina var det til saman fleire brød, berre av skalkar folk ikkje har brydd seg med å ta med. Menneske har ein tendens til å ikkje tenkje. Gjerne stressa etter ein lang dag på jobb, og kanskje ein skrikande unge som dreg deg i buksa. Ein skalk her og ein skalk der, kva gjer vel det? 

Det er berekna at om lag 795 millionar menneske er underernærte, med andre ord fleire enn heile befolkninga i USA, Kanada og EU samanlagt. Svolt og underernæring er den definitivt største helseutfordringa på verdsbasis. Ein større trussel enn både HIV/AIDS, malaria og tuberkulose samanlagt.

♦ Jernmangel rammar milliardar av menneske, og hemmar emna til å ta til seg kunnskap.

♦ Underskot på vitamin A forårsaker blindhet i ung alder, og kan også auke risikoen for å døy av diaré, meslingar og malaria.

♦ Kring 780 millioner menneske lid av jodmangel. Omtrent 20 millioner barn blir født med hjerneskadar fordi mødrene deira ikkje fekk i seg tilstrekkeleg med jod under graviditeten.

♦ Sinkmangel påverkar kroppens emne til å vakse i eit normal tempo, hemmar immunforsvaret og forårsaker 800.000 dødsfall blant barn kvart år.


Bilete: vl.no

Det er ikkje mangel på mat i verda. Problemet er det at maten ikkje ver rettferdig delt. I Noreg kastar vi 25 % av all mat som produserast og omsetjast. Den gjennomsnitlege nordmann kastar 46,3 kg matvarer i året. Norske forbrukarar kastar over 300 00 tonn mat som kunne blitt ete. Mat med ein verdi på fleire titals milliardar kroner! 

Tenk litt på dette neste gong du kastar matrestar, handlar meir enn du veit blir ete eller let skalkane bli liggjande att i brødskjæremaskina.

Har henta litt informasjon frå wfp.no, forskning.no og vg.no

#hungersnød #rikdom #kontraster 

Vinn kjempe egg!

Freia har ein konkurranse på gong. Ja, du gjetta riktig. Du kan vinne sjokolade.

Men er det verkeleg verdt det?

Eg reknar med dei fleste har fått med seg hysteriet om palmeolje. For ein gong skyld er det ein grunn til det.

Palmeolje utvinneast av oljepalmetreet. Det vert hogd ned og brent ned enorme områder regnskog kvart år for å kunne plante disse tre. Særlig i Søraust-Asia er regnskogen svært trua. Heile 85% av palmeolje kjem derfra. Sjølvsagt har dette store konsekvenser for urfolket, plantar og dyr.Over 80% av dei som lev på under ein dollar per dag er heilt avhengige av regnskogen. 

Når nye plantasjar vert danna vert det frågjeve sjuke mengdar klimagasser. Denne avskoginginga står faktisk for opptil 15 prosent av verdas klimagassutslipp!

Ei liste over Freia sine produkt som inneheld palmeolje. Dei med spørsmålstegn bak har ikkje Freia ønska å svare på mengda. Ikkje direkte betryggende etter mi meining.

Eg måtte jo sende inn mitt eiget bidrag. Satsar på storgevinst 😊


Har henta ein del informasjon frå regnskogfondet

#freia #sjokolade #konkurranse #palmeolje #miljø #etikk #klimagass #utslipp

Blir Trump president?

Eg har i det siste spekulert litt på ei teori eg las. Teorien går ut på at Trump aldri kjem til å bli president. USA har bevisst satt den mest blåste personen dei kunne finne som presidentkandidat og fått heile verda til å tru han kjem til å vinne valet. Det vil han imidlertid ikkje gjere, og uansett kven som då blir valt vil dei fleste bli rimelig fornøgde, noko USA vil tene godt på.

Eg les mykje teoriar om diverse på nettet, og vil sei at så langt verkar dette som ein av dei mest realistiske. Det er so mykje lureri når det kjem til politikk, at det i grunner lite som ville overraska meg.

Ein ting er i alle fall heilt sikkert; blir Trump president er det ikkje berre krise for USA, men for heile menneskeheten!

 

Les mer i arkivet » September 2016 » Mars 2016 » Februar 2016
+ legg meg til som venn


.

Søk i bloggen



Follow





Follow




hits