Cannabis

Eg klarar ikkje å forstå at ikkje fleire ser at ein politikk som endar opp med å straffe dei svakaste og minst ressurssterke i samfunnet har feila. I Europa er det fire land som har kriminalisert bruken av Cannabis, og Noreg er altså eit av dei. Cannabis, som dei fleste veit er mykje mindre farlig enn både alkohol og mange lovlege medisinar, skal straffast med bøter og fengsel. Ein plante, som  i verste fall kan få deg til å tømme kjøleskapet, fnise meir og utsette husarbeidet, dersom du røykjer den.

Det er så enormt mange som røyker. Ved å legalisere bruken av cannabis, vil ein få så mykje meir kontroll, Vi kan skattelegge det, på same måte som vi har gjort med tobakk og alkohol. Tjue tonn hasj har ein gateverdi på om to milliardar kroner. Det er ikkje lite pengar for ein norsk økonomi, som framleis er avhengig av olja, ein ressurs vi ikkje vil kunne lene oss på i framtida. Ved legalisering får vi samstundes moglegheita til regulerte opningstider, aldersgrensar og viktigast av alt kontroll på kva produktet inneheld.

Det finns så mykje drit på markedet, syntetiske typar hasj, som kan vere direkte livsfarlige. Nulltoleransepolitikken vi har no, meiner eg må ta mykje av skylda for at disse stoffa har vorten så utbredte som dei no er. Vil understreke at syntetisk hasj ikkje er i nærleiken av det same som "vanleg" hasj. Ingen, ikkje eit menneske har omkomme av overdose på naturleg cannabis. Det skumle med syntetisk hasj er at ein aldri kan vite akkurat kva ein kjøper, og at effekten vil vere veldig varierende. Det gjer doseringa vanskeleg og overdose mykje meir sannsynlig.

Klart det ikkje er bra for kroppen med hasj. Det vil eg aldri kunne påstå. Men det som for meg er klart er at; hasj som vert produsert på ordentlig måte, og brukt av folk som som har den korrekte informasjonen, vil vere mykje tryggare enn hasj kjøpt på det illegale markedet, syntetisk eller ikkje.

Det seiast at cannabis er ein inngongsport til hardare stoffar. Ein person som sel hasj vil ofte også ha tilgong på andre stoffer, som til dømes kokain og amfetamin, så det kan nok stemme det. Hadde derimot cannabis vore lovleg, hadde ein ikkje trengt å oppsøke slike personar. Ein ungdom som kun ynskjer å kjøpe litt rev, vil ikkje trenge å bli freista av andre, farlegare stoffar.

At Noreg ikkje er klar for legalisering heilt endå har eg forstått. Men kva med dei som ligg på sjukehus, gjerne med enorme smerter, og føler cannabis er den einaste medisinen som kan hjelpe? Er vi verkeleg ikkje klare for lovleg medisinsk cannabis heller? Dei som har  angst, depresjon, PTSD, MS, kreft, AIDS, ja lista er lang... kvifor skal vi nekte dei noko som mogleg kan gje dei ein betre kvardag?

Kyrkjegarden















Kvifor vegetarisk?

Eg har levd med eit vegetarisk kosthald i nokre år no, då eg for det meste har valt å ete vegansk. No et eg berre veganmat. For min del har dei fleste respektert at eg har teke dette valet. Det eg i staden har oppdaga er kor utruleg lite folk veit når det kjem til kva kjøtproduksjonen fører til. Det er om lag ingen som kjem med opplysningar om alle dei negative sidene ved dyredrift. 

At vi må bevare regnskogen har det til dømes vore mykje fokus på, korleis vi må kutte ut palmeolja osv. Ikkje misforstå meg no, palmeolje er absolutt noko ein bør la vere å kjøpe. Men visste du at om lag halvparten av alle områda der regnskogen vert hogga ned, skal brukast til beitemark? Dei dyra som skal beite der vil fòrast opp på blant anna korn og bønner, som kunne vore brukt som mat til menneske. Hadde vi i staden ete den maten beitedyra et, ville vi ikkje trenge beitedyr og beitemark, og då heller ikkje å kutte ned i nærleiken av så mykje regnskog som vi gjer i dag. 

For å produsere ein kilo kjøt brukar vi ti kilo vegetabilsk mat. Dette førar igjen til at vi må importere korn og liknande frå utlandet, som betyr miljøskadeleg frakt og uttæring av matfattige område. Enorme mengder vatn vert også brukt i kjøtproduksjonen, og då snakkar eg verkeleg om enorme menger! Og her går vi rundt og lurer på kva vi kan gjere for å hindre mat- og vatnmangel..

Her i Noreg fôrar vi opp, slaktar og et kring 60 millionar dyr kvart år, noko som vil  tilseie kring eit dyr annakvart sekund! Eg må nemne at dette er dyr som gjerne har levd heile sine liv i tronge bur, utan moglegheita til å til dømes kommunisere med kvarandre, leike og puste inn frisk luft. Høner som aldri får strukke ut vengene sine, grisar som stirar i ein betongvegg heile livet og oppdrettsfisk som lev så tett at dei til slutt et kvarandre. Med eit heilt vegetarisk kosthald kan du spare opptil hundre dyreliv berre på eit år.

Det at eit menneske treng kjøt for å få i seg dei nødvendige næringsstoffa, er ei myte. Vegetarisk mat er rik på vitaminar, mineralar og fiber, og inneheld lite metta feitt og kolesterol i motsetnad til animaliske produkt.  Dette gjer at det er mykje mindre sannsynleg at ein vegetarianar utviklar enkelte krefttypar, hjarte- og karsjukdommar, diabetes eller høgt blodtrykk enn den gjennomsnittlege kjøtetar. Mange trur at det er vanskeleg å få i seg dei proteinane ein treng som vegetarianar, men det er mange gode vegetabilske proteinkjeldar, som til dømes bønner, linser, kikertar, fullkornsprodukt og soyaprodukt.



At det fins mykje god vegetar- og veganmat ein kan lage kan eg personleg garantere. Det fins plenty med lettvinte, gode og ikkje nødvendigvis kjempesunne rettar óg! ;)
Å kunne nyte eit måltid, utan å ha dårleg samvit med tanke på miljø, dyr, rettferdig russursfordeling osv. syns eg gjer til at maten smakar betre. Det er fleire ferdigrettar på markedet, som du kan byrje med om du ikkje veit kva du kan lage sjølv, dessutan ligg det ute oppskrifter på nettet. Eg vil anbefale alle å ete vegetariske måltid innimellom. Du vert om ikkje anna ei smaksoppleving rikare.

Les mer i arkivet » September 2016 » Mars 2016 » Februar 2016
+ legg meg til som venn


.

Søk i bloggen



Follow





Follow




hits