GMO - veit du eigentleg kva du et?

Huskar de den klona sauen Dolly? Ho auka forskninga angåande kloning betrakteleg, inkuldert kloning av menneske. Dei siste åra er kloning av dyr blitt vanleg praksis i enkelte land, blant anna Japan og USA. Mus, kalvar, ei ape og fem grisungar er bekrefta klona. Mon tru kor lenge det tek før menneske står for tur. Teknologien er der allereie. Både ein amerikansk lege og ein sørkoreansk forskar har klart å opprette eit menneskeleg embryo, som dei sjølvsagt har sagt dei har øydelagt. Kven veit, kanskje eksisterar det allereie menneskelege klonar?


wikia.com

Genmanipulert mat vert skapt med same metode som ved kloning. Forskarar overfører enkle eller små grupper med genar til avlingar, frukt, dyr, mikroorganismar, grønsaker og liknande slik at dei utveklar nye og meir egna eigenskapar.  Betre smak, raskare modningsprosess, auka motstand mot insekt til dømes. Eg vil kalle innsetjing av framande genar i mat vi et veldig risikabelt, med tanke på konsekvensar vi endå ikkje veit om. Eg trur det er farlig å tukle så mykje med naturen som vi gjer den dag i dag.

Det har komt mykje kritikk på den uregulerte oppføringa av kva GMO vil seie for miljø, helse og økonomisk risiko. Dei genmanipulerte organismane sine effektar drep gunstige insekt og viktig innhald i jorda. Dessutan er over 80% av all GMO som dyrkast tolerant mot ugrasmiddel. Ein toleranse GMO avlingar har overført til ugras og småkryp, som no berre kan drepast av veldig giftige stoff, som 2,4D. 2,4D var er ein av ingrediensane i Agent Orange (eit kraftig kjemisk våpen, som vart brukt av USA under vietnamkrigen). Disse giftstoffa er ikkje mogleg å innhente att når dei først er sleppt ut i naturen. Langsiktige konsekvensar er som eg tidlegare skreiv ikkje kjende, men store mengder gift i lufta, som ikkje kan forsvinne. Eg reknar med det blir konsekvensar ja. Helserisikoar som mellom anna nye allergiar, antibiotikaresistens,ernæringsmessige utfordringar, problemar med reproduksjon og kreft eksisterar. Økonomisk er det nok bøndene som tapar mest, grunna lågare prisar, forureining, og monopolisering grunna GMO patentbeskytting.


sustainablepulse.com

Dei aller fleste utvikla land anser at GMO ikkje er trygt. I meir enn 60 land, inkludert alle landa i EU, er det betydelege restriksjoner eller forbod mot produksjon og sal av GMO. Du genmanipulert mat i norske butikkhyller, men i følgje lova skal desse vere godt merka. Er forøvrig alltid lurt å sjekke innhaldsfortekningane på matvare ein kjøper. Vil til slutt anbefale dokumentaren GMO OMG, som ligg på netflix.

Kjeldar: nongmoproject.org, www.utviklingsfondet.no, cagreens.orgforskning.no

#GMO #kloning #helse #mat #risiko #forskning #genmodifisert #forurensing

Les mer i arkivet » Mars 2016 » Februar 2016 » Januar 2016
+ legg meg til som venn


.

Søk i bloggen



Follow





Follow




hits